onsdag 27. april 2016

SOL


Solskin i stova kl 8 på kvelden er skikkeleg herleg! 
Våren og lysare kveldar gjer godt i sjela. I dag har vore ein spesielt fin dag. 
Vi har hatt fri heile familien og tilbrakt mesteparten i fjæra der vi grilla pølser
 og kosa oss. Ja-takk til fleire slike dagar :)


Eg håper du og har hatt ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 25. april 2016

Hipp Hurra!


17.mai er vi så gla' i..
Det er ikkje lenge igjen og det gledast!
Tog, leik med vener, (nesten) ubegrensa med is...
og i tillegg få svinse rundt i fine kjoler. Det er ein fin dag altså ;)

Årets 17. mai antrekk er frå Polarn O. Pyret
Dei har eit stort utvalg av herlege festantrekk både til jenter og gutar. 
Jentene våre var så heldige å få velge kvar sin kjole. Hermine gjekk for nydeleg retromønster og Ariel det meir stilfulle og klassiske. Dei veit kva dei vil, 
allereie i ein alder av 3,5 og 6 år ;) Strømpebukser og supersøte strikkejakker 
med hjerter er frå same butikk + paraplyen. Bur ein på 
Vestlandet må ein passe på å beskytte 
seg mot regnet med stil ;)

Det var særs viktig at kjolen kunne snurre-rundt, 
noko desse nøye utvalde kjolane kvalifiserte til med glans ;)


Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

(Kle er sponsa av Polarn O. Pyret)

fredag 15. april 2016

Oppdatering frå gjesterommet ➕ kunstbilder.no


E
g lovde fleire oppdateringar frå gjesterommet. 
For dei som føl meg på @husetvedfjorden er dette 'old news' ;)  Rommet går seg til litt etterkvart. Det blir liksom ikkje heilt min stil før eg får på plass noko gammalt ;) 
Skjenken stod i barndomsheimen min, og er no flytta inn her. Skulle tru den 
elleville målaren i meg har pensjonert seg. Men den er faktisk veldig 
fin som den er. Her skal det kun skiftast knott 
-når eg får somla meg til det ;)


Den nye nettbutikken kunstbilder.no har så mykje fint! 
Desse tre posterane måtte eg rett og slett ta med heim. Bildene finn du her, her og her
Følg oss gjerne på @kunstbilder.no :)


Ha ei god helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 14. april 2016

Ranunkler ♡

 Kvar einaste vår tråler eg rundt i butikkane på leit etter ranunkler. 
Eg elsker nemleg desse lubne herligheitane. Når eg endeleg med frydefulle hvin 
(sånn diskre inn i meg) får kjøpt dei med heim så varer dei i kun sånn 
ca 3 dager før dei blir stygge. Var det verdt strevet liksom? 
Konklusjonen er ja! Eg tipper det heile gjentar 
seg til neste år og ;) #håplaus


Kanskje du har eit tips til korleis dei held seg lenger?


Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 8. april 2016

Olapult med minner

Olapulten som ufortjent har stått i kjellaren vår i mange år, 
har endeleg fått ny heim på gjesterommet. Planane har vore mange for dette flotte retromøbelet. Men det enda med at den fortsatt er urørt av målekosten. 
Med tida har eg lært at gamle møbler ofte er finast slik dei er.

Pulten bær preg av eit langt liv. Klistermerkene 
har eg skrapt vekk, men dei slitte detaljane liker eg godt!
Det er familieminner heilt frå då Pappa var liten.
Det kan ikkje målast vekk, synast eg!

Rammer frå bilderammer.no, plakat frå kunstbilder.no
kart frå car boot sale i England og tapet frå Ellos.

Det er fredag og eg har funne fram vinglaset og sit 
godt plassert i sofaen. Livet er heilt ok ;)

Ha ein fin kveld du og!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 3. april 2016

Opp og ned

Hyppigheta av blogginnlegg hos meg går litt opp og ned. 
For det meste ned. Men idag slår eg til med nokre ferske bilder!
Det er ikkje alltid like lett å ta gode interiørbilder, når
eg bur ilag med to herlege rotekopper :)

Det gjeld å rette kameraet mot dei ryddige overflatene..


..og prøve å unngå linselusene ;)


Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails