onsdag 29. januar 2014

Fotosession

Det var fridag og nokre få timer med dagslys openbarte seg. 
Dagslys er jo ein bloggers bestevenn når det gjeld fotografering, så eg såg
 rundt meg i panikk på ei stove i fullt kaos. Ikkje bloggbart i det heile. 
Fram med gul primula på turkis krakk. Jepp, det funker det! 
Knips!
Knips!
Mamma, Mamma....eg vil opp! Hjerter smelter. 
Dagslys får vere dagslys. Tid for kos, fotosession over.

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 26. januar 2014

Litt stovebilder..

..frå ein ny (?) vinkel. 
Her ser de litt av "kontoret" i stova vår. 
Eg skulle gjerne sagt at dette er bloggeplassen min. 
Men sannheten er at mannen bruker denne. Eg trivst best med ein 
gammal bærbar- sak på fanget, liggande henslengt i sofaen ;)
Vitrineskapet er kjøpt på Ikea for lenge sidan. 
I fjor på våren måla eg det lysegrønt og tapetserte det inni med
 ein tapet frå Retrovilla.
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 23. januar 2014

Spisestova

Litt forandringer i spisestova vår. 
To bilder med nymåla, turkise rammer er komt på veggen. 
Og eg har fått dilla på terakottapotter igjen, så eg har henta fram
 2 stk frå vinterdvalen ;) 
Husa i vindauget har eg og mannen laga for ei stund sidan.
Han sager ut og eg måler ;)
 Ha ein super torsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 20. januar 2014

God ny veke til deg

Eg har ikkje så mykje anna på hjartet enn å ønske dokke alle ei god ny veke. 
Bildet er frå kjøkenet. Tallerkenhylla er frå Home&Cottage og den 
er fyllt med bruktfunn og nyare ting i forskjellige stiler.
Akkurat slik eg liker det ;)
Klem frå Bjørg :-)

søndag 19. januar 2014

Tulipaner

Endeleg har eg somla meg til å få tulipaner i hus. 
Det er ein følelse av vår det! 
Ellers går alle tanker til Lærdal idag. 
Uvirkeleg og heilt forferdeleg å sjå bilder frå korleis flammane har herja. 

Klem frå Bjørg

fredag 17. januar 2014

Nan med koriander

Eg fekk Trines Mat til jul. 
Denne var høgt på ønskelista, så eg vart superglad! 
Eg blir så inspirert av Trine. Ho har ein slik enkel måte å framstille oppskriftene på,
 for ikkje å snakke om dei lekre bildene! Denne veka testa eg ut Nan med
 Koriander oppskrifta frå boka. Og den skuffa ikkje. Heilt nydeleg! 
Faktisk så gode at dei ikkje varte til middagen.
Du finn oppskrifta på bloggen til Trine 
om du trykker her!
Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 15. januar 2014

Mot lysare tider!

Onsdag og fridag! Det er alltid like fint
Men idag var det ekstra fint pga dagslyset som varte lenger enn på lenge!
 Fantastisk og energigivande følelse. Og med dagslys blir 
det også mykje kjekkare å knipse bilder;)
Fin kveld til deg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 10. januar 2014

Messing

Det er ikkje lenge sidan eg syns messing var skikkeleg stygt. 
Og alt eg hadde av slikt vart spraylakkert. Men så vart plutseleg messing 
ein del av trendbildet igjen. Og eg tok meg i å like det! På ei "skattejakt" hos
 foreldra mine fann eg meg ei samling av messinglysestaker.
Samla i ei gruppe med stearinlys i mint,
så vart det reint fint synast eg!
Ein skal aldri seie aldri ;)
Ha ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 8. januar 2014

Nye favoritter

Debatten raser på Nib og blogger om dagen. 
Kritikken seier at bloggane er blitt meir like og viser fram dei same tinga. 
Derfor passer det jo godt at eg skal vise fram mi nye Hay-pute på bloggen idag. 
For den har jo ingen sett før! ;) Eg fekk den av mannen (nøje instruert) til jul. 
Og eg digger den sjølv om "alle" har den! 
 I tillegg har eg fått augene opp for kobber og messing i det siste. 
Eg syns det passer flott til pastellane i heimen vår. Fatet på veggen 
har eg måla med kobberspray frå Biltema.
Ullteppet og mesinglysestakane er gamle
Dei fekk eg av foreldra mine. Krakken er eit bruktfunn som 
har fått rosa sokker.
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 5. januar 2014

Nib Utfordring Januar - Blanke Ark

1.nyttårsdag vart mesteparten av julepynten fint plassert på loftet igjen. 
Og det er like herleg kvart år. Det blir liksom så lyst og luftig igjen. 
Akkurat som å starte med blanke arkEg får behov for forandringer. 
Og dermed får eg mange idear i hovudet som berre få utløp. 
Det digger eg. Ein kreativ periode ;)
I utfordringa til Nib denne gongen skal vi vise fram kjøkenet. 
Og her kjem bilder frå vårt. Kjøkenet er lite, men lyst og fullt av fargeklatter. 
Rommet er eit godt døme på at eg blir inspirert av element frå 
mange stiler, som eg set saman til min eigen.
Bli med på utfordringa til dei fine Nib- jentene du og! 
Trykk her for å finne mangfoldig og herleg kjøken- inspirasjon!

Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 3. januar 2014

Slik var 2013 - Del 2

Yey! Det er helg allereie jo. 
Alle arbeidsveker skulle bestått av berre to dager ;)
Her kjem Del 2 av eit tilbakeblikk på
 bloggeåret 2013:
Eg innreia leikehytta som broren min bygde til jentene. 
Noko som var utruleg moro!

Ein liten draum kom i oppfyllelse. 
Nib- Solveig var på besøk hos meg på vårparten. 
Og resultatet kom på trykk i Boligdrøm. 
Mange sider frå heimen vår vart det. 
Superstas!

Gangen vår fekk seg ein makeover. 
Det fekk eit nygammalt skap som eg målte lysegrønt. 
I tillegg laga vi ein stor tavlevegg. Hermine i barnehagen
 og eg var tilbake på jobb igjen. 


I september solgte 
eg spisebordstolane våre og bytta til diverse loppestoler i fine farger. 
Angrer ikkje på det! Ein bildevegg vart til og krakken frå Ikea fekk 
seg ei fornying med måling og tapet.

Eg fekk endeleg tak i verdenskartet som eg har hatt lyst på så lenge. 
Ein stol og to krakker vart fornya. I samarbeid laga eg og 
mannen ein liten hus- landsby :)

Det vart sydd to puter og ein fisk. 
Litt julepynt vart laga og vi feira Ariel sin bursdag.

Huset vart julepynta i begynnelsen av desember. 
Eg fekk pakke frå Dallas i USA med eit magasin der mine bilder skulle vere. 
Det viste seg å vere heile 8 sider med tekst og bilder frå vårt kjøken. 
Veldig moro ;) !

Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 1. januar 2014

Slik var 2013 - del 1

Først av alt Godt Nyttår 
til alle de fine leserar som kjem på besøk :)
2013 har vore eit travelt, men veldig fint år. Med stort hus, mann, 
to fine jenter, lite søvn, interiørspalte i FM, ny jobb å sette seg inn i
 og mykje anna har eg  virkeleg fått kjenne på den berømte tidsklemma. 
Bloggen har vore i stor fare for å bli lagt ned. Men kvar gong eg har tenkt dette 
har det skjedd noko moro pga bloggen som gjorde til at eg berre måtte fortsette. 
Huset ved Fjorden er eg sikker på vil fortsette i 2014 også. 
Sjølv om det er på Instagram det skjer om dagen, 
og blogger blir meir og meir stille.
Dessverre..

Her kjem eit lite tilbakeblikk på 
bloggeåret 2013;
-Eg fekk spørsmål om eg ville skrive interiørspalte for FM (Fylkesmagasinet for Sogn og Fjordane) 
Noko som har vore kjempekjekt, og eg skal fortsette med spalta i 2014 også. Yey!:)
-Huset ved Fjorden var månadens anbefalte blogg hos Rom123 (takk Nib-jenter :-)
-Eg hadde hekledilla. Eg laga mi eiga oppskrift på hekleluer og la ut oppskrifta på bloggen. 
Noko som vart veldig populært hos leserar i Tyskland ;)
-Huset vart fyllt med deilige pastellar, så snart jula var kasta ut.

-
- Vi starta på oppussinga av Hermine sitt rom. 
Det vart eit skikkeleg jentete rom i grønt og rosa.
- Ariel fekk ei gammal barneseng som mannen sov i som liten.

- Korallfargen gjor sitt inntog i heimen.
- Eg strikka pute med pil og pussa opp barnemøbler frå 
Ikea med tapet og måling.

- Eg måla eit skap Besten min har laga. 
Det vart grønt og fekk plass på Ariel sitt rom.
- Potetkasser fekk nytt liv som oppbevaring med tapet, måling og hjul.
- Eg kom til finalen i Nib- utfordringa - Vårforberedelser, 
og eg vann!! :)

-Vi måla litervis med måling på rekkverk ute.
- Vi kjøpte nye utemøbler og måla nokre skodder blå for å skape litt ferie-stemning.
-Broren min bygde leikehytte til jentene. Denne måla eg turkis, og starta på innreiinga.
- Eg hekla golvteppe til Hermine sitt rom. Oppskrifta til desse teppene ligg 
på bloggen og er mitt mest leste innlegg :)

-Vi kosa oss ute på terassen.
- Vi feira Hermine sin 1 årsdag.
- Eg kom til Finalen i Nib si utfordring -Sommer på jorda. 
Og eg vann!! :)

Del 2 kjem i neste innlegg.

Ha ein herleg første dag i nytt år!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails