mandag 29. desember 2014

Jul på soverommet

Med raudt sengetøy på soverommet, 
så blir det julestemning der og :)
Her nyter vi fine romjulsdager
 og endå ei veke med fri for meg og jentene.

Eg håper du og har det fint!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 25. desember 2014

Julafta 2014

Vi hadde ei kosleg julafta med godt selskap, altfor mykje god mat, 
litt utolmodige jenter og til slutt mange fine gåver. No har vi
 ei lang og avslappande romjul foran oss. 
Og det er fint! :)
Mannen koser seg i pysj, kaffi i koppen og tre nøtter til Askepott. 
På ein altfor liten stol ;)
 Ønsker deg ei fortsatt fin jul!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 18. desember 2014

Ja takk, begge deler!

 Det nærmer seg jul
Heimen har fått meir julepynt, 
nokre kakesortar er baka og julevasken er ikkje starta på. 
Alt er som vanleg med andre ord!
 
Når det gjeld julepynting liker eg godt
 både den tradisjonelle stilen og den meir moderne. 
Difor vart det ei blanding av begge stilane i heimen vår denne jula. 
Ja takk, begge deler ;) 
 Raudt, smårutete og soppar fungerer saman 
med greiner med utradisjonell pynt og prikkete adventsstjerne i mint. 
I alle fall etter mi meining ;)
Desse opphenga har eg laga sjølv 
av målte trekuler frå Panduro og hyssing. Stjernene
 har eg kjøpt ferdig bretta.
Korleis julepynter du?

Klem frå Bjørg :-)

mandag 8. desember 2014

Desemberutfordring: Innrede med planter

Eg hiv meg med på Nib si utfordring å innrede med planter i siste liten. 
Det vart eit dykk i arkivet denne gongen. Det er ikkje så lett å få
 tatt nye bilder i dagslys for tida.
Sjå alle bidraga her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 6. desember 2014

Jula flytter inn i heimen

Jula flytter meir og meir inn i heimen vår. 
Raude fargeklatter titter fram her og der. Det gamle
trauet er på plass på den turkise skjenken. I gangen, på tavla der 
har eg tegna ein liten by i snøver.
Eg håper du har ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 4. desember 2014

Pangstart på desember

Vi starta desember med eit "smell" . 
Sjukdom i hus, lite søvn, ein mann som jobba nattevakt, julepynting, 
vasking, besøk av lokalavisa og 2 bursdagselskap. Det seier seg sjølv at det har vore ei 
travel veke ;) Men det enda bra og alle vart fornøgde! Bildene er frå Ariel sitt barnebursdag-selskap. Den lille jenta mi er plutseleg blitt 5 år stor :)
Ariel kan ikkje få nok av My Little Pony for tida, 
så då måtte det sjølvsagt bli tema på kaka. Den vart veldig enkel,
 sjokoladekake med marsipanhjerte. Også sette eg to 
ponnier på, som også var ei gave. 
Det vart suksess :)
Pyntinga vart enkel den og, 
men det er igrunn slik eg liker det. Fine farger og enkel dekor :)
 No gleder eg meg til å fortsette desember
 med litt lavare skuldre ;)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 29. november 2014

Moro med Hobby Clay

Eg har hatt liggande noko Hobby Clay kjøpt på Panduro. 
Ein kveld fekk eg plutseleg lyst til å gjere noko kreativt,
 så då leita eg den fram igjen. Eg skjærte ut små 
søte hus og eitpar juletre for hand.
 Etter at dei hadde tørka (det tok over eit døgn) 
så måla eg dei i fine fargarLitt utypiske
 julefarger, men det funker 
for meg ;)
 Juletrea laga eg ein strek-opning i, 
nede på den eine delen og oppe på den andre, slik at eg kunne 
tre dei saman for å kunne stå (sjå det øverste bildet)
Det vart fin julepynt til desember :)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 22. november 2014

DIY: Lag vase av gammel lampekuppel

Det var på høg tid med eit bruktbutikk- besøk igjen. 
Det er aaaaltfor lenge sidan sist! Abstinensane var store! 
Eg fann ikkje så veldig mykje, men eg kjøpte blant anna
 ein gammal lampekuppel til 10 kr.
 Eg spraya kuppelen kvit og sette den opp ned,
 og vips hadde eg ein trendy vase ;)
Slik såg den ut før;
Ha ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. november 2014

Kjapp fornyelse av soverommet!

Soverommet vårt treng egentleg ei skikkeleg oppussing
Men det er mykje som kjem før på prioriteringslista. Så då må eg ty til
 raske hjelpemiddel når eg er lei av å vente.
 Eg kjøpte Mini Dots wallstickers frå Ferm Living. 
Her snakker vi stor effekt med minimal innsats altså!  Dei kvite og kjedelege
 veggane vart plutseleg ganske så festlege å sjå på!
 Nattborda våre måtte oppdaterast litt og, 
så dei måla eg kvite med forskjellige grønfarger på skuffene.Dette var
 ikkje så fort gjort, men dei vart no greie å sjå på :) Eg har ein speilkommode
 som venter på målekosten, den skal stå i andre enden av rommet.
Eg håper du har det fint!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 15. november 2014

Papir- stjerner

Eg har dilla på stjerner! 
Den store i korall kjøpte eg hos Keiserens Nye
 og den som er mindre har eg bretta sjølv. Det er veldig enkelt å lage ved 
hjelp av maler som eg har kjøpt hos Panduro. Eg har planer om
 å brette mange fleire og pynte med til jul :)
Ha ei fortsatt god helg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 11. november 2014

Lenge sidan sist!

Det vart plutseleg ei lang bloggepause for meg! 
Først var pausen ufrivillig i form av mangel på internett i huset. 
Når vi endeleg hadde nett igjen etter ei god veke, så fann eg aldri tid til å få tatt
 bilder i dagslys. Sånn sett er denne tida litt trasig. Det er mørkt før og etter jobb! 
Men no er eg klar med eit lite bilderas:)
Ei lita gran vart med meg heim frå fjellet. 
Den står og minner om tida som 
snart kjem; Jul! :)
Vi har snik- starta på pepperkakene og ;)
Eg håper du har det fint!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails