Det kjem nok ikkje som ei bombe på nokon at eg digger Tilda! ;)
Figurane, fargane, rosene, prikkane....
ja, alt fell i smak.
Difor var forventningane store til den nye boka "Tildas Atelier",
som kom ut no nyleg. Og boka innfridde
så absolutt! :)
Eg har brukt eitpar kveldar der eg har kosa meg stort med boka.
Den har nydelege interiørbilder. Slike som gjer meg inspirasjon i lassevis!
Kort oppsummert er boka ein fargeeksplosjon. Flotte Tilda-produkt blanda med
gamle møbler og nyare ting. I ♥ it ;)
Du kan sjekke ut heimesida til Tilda her, for endå meir inspirasjon.
Tilda- englane har eg aldri prøvd meg på å sy.
Men no trur eg jammen eg skal prøve. Når eg får tid, ein gong ;)
Ha ein flott tysdagkveld!
Klem frå Bjørg :-)
PS; husk å melde deg på Give Away som trekkast søndag.
Du kan vinne flott premie frå Din Kjøkkenkrok. Link finn du her :)