torsdag 30. juni 2011

Lampe Før&Etter :)

Eg fekk eitpar lamper av Mamma som ho har kjøpt på ein bruktbutikk.
 Sjølvsagt såg eg potensiale for dei, og no er den
 eine fiksa litt på ;)

Om nokon skulle vere i tvil er dette
Før;)


Etter;

Lampefoten har eg måla grøn (begynt å bli ein "oppbrukt" farge, men eg er så glad i den :)
 Og lampeskjermen sydde eg eit trekk til. Eg sydde rett og slett ein "kanal" nede og 
oppe på den og tredde i tråd som eg 
snørte godt saman.


Jepp, så vart den og pastellifisert ;)  Eg synast det er så moro med 
slike småprosjekt som tar kort tid og gjer 
ein bra effekt!


Eg tok bildene i dårleg lys, så fargane kom litt dårleg fram. Og dei vart litt uklare.
Men det gjer no eit lite inntrykk på korleis den vart.
Sånn er det når ein ikkje har tålmodighet
 til å vente på dagslys! ;)



Tusen takk for alle gode ord de legg igjen, eg blir så glad
Og har veldig dårleg samvittighet for at eg ikkje rekk å ta bloggerunder slik som før. 
Men eg håper på å kome sterkt tilbake snart ;)
Om du har lyst å vere med i trekninga av herleg premie frå Frk Doris
er det berre å legge igjen nokre ord her!

Håper du har ein flott torsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 29. juni 2011

Leikekjøken :)

Velkomen inn på Ariel sitt kjøken!
Det har vore under arbeid lenge. Det har blitt måla litt no og då, skrudd litt,
 sydd litt, dilla litt og no er vi snart i mål! :)

Kjøkenbenken er laga av 2 ikea- nattbord
Vi tok av hjula på desse og skrudde dei saman. Så kappa vi til ei list å ha foran,
 og måla denne grøn. Bryterane på komfyren er vanlege treknotter
 som er måla rosa. Dei er festa litt laust slik
 at ein kan vri på dei.


Kokeplatene vart saga ut av ei treplateog er blitt svarte :) 
Desse limte vi fast. Forhenget har eg sydd av favorittstoffa mine. De som har fulgt bloggen min kjenner dei sikkert igjen ;)


Den kvite hylla over benken er laga av foringslister ;) 
Og den større hylla over laga eg faktisk når eg gjekk i barneskulen
Den har fått prinsesserosa farge ;)


Vasken er ein plastbolle frå Europris. 
Vi saga eit hol med sirkelsag slik at den fekk plass ned i benken. 
Vasken skal snart få eit skikkeleg armatur og ;)


Kopper og fat er frå Ikea, og kjelane er frå Clas Ohlson. 
Det mangler litt utstyr, men det skal vi fikse på ferieturen til Danmark
 om 14 dager ;)


Husk å melde deg på Give away med nydeleg premie frå Frk Doris. 
Det er mange lodd igjen, så trykk her om 
du har lyst å vinne ;)

Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 27. juni 2011

Leikebord Før&Etter

Eit av prosjekta i sniktitt innlegget er ferdig!:) 
Og som mange gjetta, er det eit leikebord. Eg har lenge jobba med ein kjøkenkrok på 
rommet til Ariel, og no er det omtrent klart :)

I dag skal eg vise fram "mat"kroken ;)

Stolane og krakken har eg pussa opp før. 
Men bordet er nettopp ferdig. Det er opprinneleg eit gammalt svart bord som stod i huset
då vi kjøpte det. Eg måla det grønt, skrudde ei sponplate på toppen og 
stifta ein voksduk på toppen (med aldri så lite hjelp ;)


Voksduken er praktisk, for no tåler det litt hard bruk ;)


Under bildet på veggen skal det opp ei knaggrekke. 
Der det skal henge oppbevaringsposer eller noko liknande. 
Eg har mange planer, men alt for
 lita tid ;)

Ariel storkoser seg på kjøkenet sitt. 
Her blir det servert den bestaste teen du kan tenke deg ;)


Sjølve kjøkenet skal eg vise seinare ;)
Husk å melde deg på Give Away, du finn link oppe til høgre!

Ha ein fin mandag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 26. juni 2011

Ny Give Away + trekning!

Det er på tide med ny Give Away! 
Dette skulle egentleg vere den siste i gåvedrysset mitt, 
men no har eg fått ein hyggeleg epost frå nokon som ville sponse ein premie til! 
Dermed blir det endå ein ;)


Frk Doris er ein fantastisk nettbutikk som du finn her
Facebook sida finn du her. Og bloggen er her! Her finn du masse lekkert, både nye og gamle skatter. Beathe som er dama bak butikken har vore så snill 
å sponse ein super premie til gåvedrysset mitt. 
Dette kan du vinne;


1 flott ringperm med gammalt plantemotiv


2 nydelege frøposer med nostalgiske motiv

2 søte englevinger

Flott premie ikkje sant? :)
Reglane er som før. Kommenter under dette innlegget og du får 1 lodd. 
De som ikkje har egen blogg kan velge anonym i kommentarfeltet, men husk å 
legge igjen epostadresse slik at eg får tak i deg om 
du skulle vere den heldige;)

Trekninga skjer neste søndag 3.juli :)
Lykke til!
Den heldige som stakk av med gåvekort på kr 300,- frå Frydbutikken er
 jenta bak bloggen Sannes Verden. Gratulerer så mykje! 
Tipper det ikkje blir problem å finne 
noko fint å bruke 
gåvekortet
 på ;)

Husk å legge igjen nokre ord under her
 om du har lyst å vinne den flotte premien frå Frk Doris! :)

Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 25. juni 2011

Kjøkken- Stæsj

Litt nytt på kjøkenet..


Boks frå Green Gate, som Ariel bruker som matboks i barnehagen. 
Melaminbollen og kjøkenredskap er frå Europris. Slikkepott og blomstrete sleiv er frå Rice. 
Farger gjer meg glede i kvardagen ;)


I  morgon er det trekning av gåvekort på kr 300,- frå Frydbutikken. 
Det er mange som har meldt seg på allereie. Om du ikkje har gjort det endå, 
kan du gjere det her!

Eg køyrer og igong ny Give Away frå imorgon,
 følg med følg med ;)



Og til dei som er på Glansdagen! Kos dokke mykje. 
Eg skulle gjerne vore der ;)

Ha ein nydeleg laurdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 22. juni 2011

Nydeleg dag!

I dag klaffa veret perfekt på min og Ariel sin fridag! 
Vi gjekk i fjæra om morgonen, noko Ariel synast var stas. 
Når Ariel tok høneblunden sin kosa eg meg med sola, kaffi og Rom 123 som er begynt å bli ein stor favoritt hos meg :) Deretter følgte grilling. 
Ingenting kan slå slike dager.
Hurra!:)

Og attpåtil har eg fått i hus noko heilt nydeleg. 
Eg har og ringt på ei salgsannonse i ei avis, og fått kjøpe noko eg har ønska meg lenge.
Dobbelt- hurra!:)

Det er mange som har gjetta riktig på forrige innlegg. 
Snart skal eg vise fram :)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

PS; framleis lodd igjen på Give Away. Du kan 
melde deg på oppe til høgre ;)

tirsdag 21. juni 2011

Sniktitt...

..På nokre av prosjekta som er på 
gong her i heimen.


Eg satser på å få dei ferdig veldig snart ;)
Er det nokon som gjetter kva dei er?


Veldig kjekt å sjå at så mange har lyst å vere med i "kampen" om gåvekort 
frå Frydbutikken. Har du ikkje meldt deg på kan du gjere det
 via linken oppe til høgre :)

Ha ein flott tysdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 20. juni 2011

Give Away med gåvekort frå Frydbutikken og trekning :)

Vekene går unna i ein rykande fart! 
Det er søndag igjen og tid for ny Give Away i Gåvedrysset mitt,
 som er ei feiring av 100 000 besøk. 
Tjohei! :)


Jannicke som har den flotte butikken Fryd i Stryn,
 og i tillegg nettbutikken Frydbutikken er så snill å sponse eit gåvekort på kr 300,- 
Dette kan du vinne :) Ingen problem å finne noko ein liker i denne butikken.  
Her er dei lekraste ting frå Green Gate, IB Laursen, 
My Cinnamon Girl, Blafre og mykje meir!



Sjekk ut nettbutikken her!
Facebook her! (følg med for mange gode tilbod)
Bloggen finn du her!

(Bildene er tatt av Jannicke)

Reglane er som før. 
Legg igjen nokre ord under dette innlegget, og du er med i trekninga. 
De som ikkje har blogger-profil kan kommentere som anonym, men husk å legge igjen epostadresse slik at eg får tak i deg om du skulle vere den heldige :)
Trekninga er neste søndag 26.juni.
Lykke til! :)

Så til den heldige som vann 6 mnd abbonement på Boligpluss :)
Random.org trakk ut Jijji som har den flotte bloggen Jijjis Lune Hjørne. 
Jijji er nybakt tobarnsmamma. Gratulerer så mykje! :)
Sjekk ut den herlege bloggen her!

Det er mange halvferdige prosjekt i Fjordhuset for tida. 
Eg håper og trur at vi skal begynne å bli ferdig her og der i neste veke. 
Gleder meg til å vise dokke!


Husk å legge igjen nokre ord under her.
 om du har lyst å vinne eit gåvekort hos Fryd! :)

Ha ein flott strålande søndag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 17. juni 2011

God Helg :)

Helgas blomsterbukett er plukka rett nedanfor huset ;) 
Naturen har mykje fint å by på!
På søndag har eg trekning av eit 6 mnd abbonement på Boligpluss. 
Meld deg gjerne på ved å bruke linken oppe til høgre. 
Det blir og ny Give Away med 
herleg premie ;)

Ha ei super helg, måtte sola "joine" oss!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 15. juni 2011

Porselen

Det er på høg tid å bytte ut dei kvite ikea-tallerkenane her i heimen. 
Dei er jo heilt greie dei, men det er mykje artigare å pynte bord med ulike gamle og sjarmerande tallerkenar som ein finn brukt. Så då eg tok turen på Bruktbutikken 
begynte oppdrag "få ei fin tallerken- samling". 
At eg ikkje har tenkt på det før!!
Og eg fann, eg fann ;)
Eg synast eg gjorde eit kupp når eg betalte 30 kr stk for 4 fat med blomster og gullkant. Litt slitne og veldig sjarmerande. Eit ekstra pluss var å finne ut at dei er frå Norsk Egersund Flint. Eg fann og nokre som var "made in china", med fine blomster på ;)
Ein liten, men god start på sjarmerande
 borddekking ;)

Tallerkenhylla har fått seg ein shinings med nytt og gammalt. 
Tallerkenen i midten, knaggane og den turkise vasen er kjøpt på Kremmerhuset. 
Rosa mugge frå IB Laursen, Grøn mugge frå GG og blomster frå hagen (haha, seie litt om hagen ;)
Bildet er frå ein gammal flora, fil de fer ramma husker eg ikkje merket på.

Husk å melde deg på Give Away,
 der du berre med ein liten kommentar kan vinne eit 6 mnd abbonement på Boligpluss. 
Link finn du her!

Ha ein super onsdag! 

Klem frå Bjørg :-)
(som er vekk på shopping ;)

mandag 13. juni 2011

Redesign av stol

Eg har fått dilla på å redesigne gamle stoler. 
Det er så utruleg moro å sjå kor annleis dei kan bli :) 
Eg var ein tur på Bruktbutikken og då vart blant anna denne stolen med heim! 
Den stod urørt eitpar dager, men så klødde det så voldsomt i fingrane at eg sette igong ;)


Den vart først vaska med salmiakk, tørka, pussa og vaska igjen før eg grunna eit strøk. 
Så fekk den 1 strøk kvitmåling. For å få den perfekt kvit trenger den fleire strøk, 
men eg ville ikkje ha den heilt perfekt. Så det vart med det 
eine strøket måling.


Setet var laust, så det var enkelt å stifte nytt stoff på den. 
Valget fallt på eit prikkete grønt stoff frå Panduro.


Stolen har fått plass att med det svarte bordet i TV-stova. 
Sånn inntil vidare :)

Husk å melde deg på Give Awayen min. 
Du finn link øverst til høgre. Det er berre å legge igjen nokre ord, 
så kan det vere du som stikk av med eit 6 mnd abbonement på Boligpluss :)

Eg håper du nyt siste dagen av pinsa!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 12. juni 2011

Ny premie i Gåvedrysset+ Trekning!:)

Hurra! :)
Eg har runda 100 000 besøk!:) Eg synast dette er SÅ stas! 
Telleren min er frå susnet og oppfører seg normalt, men ifølge statistikken på blogger har eg for tida godt over 1000 besøk om dagen (ikkje normalt ;) 
Her må det vere noko muffens? Eg ser andre 
har same "problemet"?
Eg fortset med gåvedrysset mitt eg. 
Har framleis nokre godbiter å dele ut til de fine leserane mine :)
I neste vekes Give Away kan du vinne 6 mnd abbonement på Boligpluss. 
Eit "må- ha" blad spør du meg ;)


Reglane er som før. 
Du kan få 1 lodd ved å kommentere under dette innlegget. 
Om du linker blir eg kjempeglad (bruk det øverste bildet), men dette er sjølvsagt valgfritt :)
De som ikkje har Blogger-profil kan kommentere som anonym, men husk å legge igjen 
epost- adresse slik at eg får tak i deg ;)
Trekning blir neste søndag (19.juni)

Lykke til! :)
Så til vinnaren av forrige Give Away ;) 
Premien var ein herleg husvask med Lavendel- duft gitt av Arbeidshuset
Den heldige som no kan kose seg med husvasken er Shy B
Sjekk ut den morosame bloggen hennar her!
Gratulerer!:)

Ha ein flott søndag, 
og husk å melde deg på Give awayen;)

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails