Eg fekk utfordringa frå
Christines rede om å finne
5 raude ting i enten stove, kjøken eller gang.
Også raudt då tenkte eg med ein gong.
Eg har jo
ingen raude ting. Det eg har som er raudt ligg i øskjer på loftet, dvs julepynt. Fjordhuset er veldig raudt til jul, men ellers i året er ikkje det ein farge eg likar så godt i heimen. Eg er liksom litt meir rosa og pastell ;)
Men då eg begynte å gå ei runde med kameraet, dukka dei opp ein etter ein..dei
raude tinga ;)
Vintage Kellogg's muggen er jo
raud ;)
Og "Den Rødrutete Kokeboken" til Ingrid Espelid Hovig er jo definitivt
raud, og ikkje så mykje i bruk som den burde vore ;)
Lengst bak i kjøkenskapet fann eg desse prikkete
raude koppane. Satt fremst for anledninga ;)
Desse raude tøyhjertene er eigentleg julepynt, men vart hengande på kjøkenet etter jul og. Fordi eg synast dei var litt søte :)
Og sist, men ikkje minst fekk eg endeleg anledning å vise fram den flotte raude dressen Ariel har fått av Besta si (min kjæres Mamma) Ein nydeleg strikka jordbærdress, som Ariel brukar kvar gong vi skal ut :)
Og det var jammen meg 5 raude ting :)
No vil eg utfordre Randi med bloggen
Borte bra, men hjemme best til å finne 5 grønne ting i sin gang, kjøkken eller stove :) Lykke til! :)
No skal eg kose meg vidare med bordpynting til barnedåpen søndag. Og det går i rosa :-) Her er ein smakebit, meir kjem :)
Klem frå Bjørg :-)